Nyheitsbrev desember 2021

Her skal framtida få plass.

Eg hugser ikkje når eg sist sendte ut nyheitsbrev, så då er det kanskje på tide med eit nytt eit? No, på tampen av nok eit merkeleg år, har eg ei god kjensle for det neste.

Eg har vore blant dei heldige under pandemien. Medan mesteparten av Kultur-Noreg har vore stengt ned, har eg stort sett kunna spele mine små og mellomstore konsertar. Det siste året har eg vore på elbilturné i Finnmark, på togskinnar gjennom Belgia, Nederland, England og Tyskland og ikkje minst gått som pilegrim fra Oslo til Trondheim! Avslutninga, med to utselde konsertar i Nidarosdomen, er eit minne nesten like stort som sjølve vandringa. Sjølv i eit annleisår som 2021 har det vore mykje fint å sjå tilbake på.

No ser eg mest framover, for neste år kjem endeleg albumet eg har grilla over låg varme i snart tre år no: Bråtebrann. Det er mitt første album på norsk sidan Kæm va du? frå 2013.

Denne gongen har eg skrive songane sjølv – med god hjelp på tekstfronten av Stein-Gunnar Bondevik. Han er mannen og penna bak Omnan går, som eg ga ut som singel tidlegare i haust og urframførte med sjølvaste Kringkastingsorkesteret under 75-årsfeiringa deira (den kan du jo sjå her). Med det kom eg endeleg ut av skapet som den smelteverksentusiasten eg er, og fekk samstundes hinta om retninga på det nye albumet.

Bråtebrann kjem 18. mars 2022,
med illustrasjonar av Bernt Dyrstad

Førehandsbestill her: https://bigdipper.no/propeller/prr482/moddi-bråtebrann-2lp

I år ga eg òg ut mi første julelåt sidan Nordnorsk julesalme – det er òg ei stund sidan no. Den nye sangen, I desember, handlar om 33 år gamle Dilani og foreldrene hennar som har budd i kirkeasyl på Finnsnes i syv samanhengande år, og som ikkje ser ut til å få feire jul som frie nordmenn dette året heller. Eg veit ikkje om ein song kan hjelpe på situasjonen deira, men det er det einaste våpenet eg har.

Neste år skal eg ut og gjere konsertar att, og det fine med å vere ein enkel kassegitargut på reise, er at det skal mykje til for at noko blir avlyst – sjølv under ein mannevond pandemi. Etter at Bråtebrann er sett til verda den 18. mars, startar eg den lange reisa i Arendal, for så berre å fortsette til krampa tar meg. Datoar for Austlandet og Nord-Noreg er ikkje i boks enno, men det ser ganske lovande ut allereie, ikkje sant?Du skjøner kanskje kvifor eg har trua på 2022? Dessutan har eg ei sjukt bra overrasking på lur, som eg gler meg til å dele med deg når tida er inne. Det har med jul å gjere, såpass kan eg røpe. Og før eg no forsnakkar meg noko meir, set eg over til meg sjølv og Arktisk Filharmoni, frå då vi spelte inn I desember i fjor vinter. Ver gode med kvarandre, vask hendene, ta vaksina om du kan, og så sjåast vi kanskje litt inn i det nye året. Til lykke med det gamle, lykke til med det nye!

– Pål